
Vil kjøpe nye transportfly
Regjeringa har i dag lagt fram St.prp. nr. 78 (2006-2007) "Om investeringar i Forsvaret". Regjeringa foreslår for Stortinget blant anna ei rask nyskaffing av fire C-130J taktiske transportfly.
- Ei rask nyskaffing vil gje oss ein operativ transportflykapasitet allereie frå hausten 2009, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
- Forsvaret har eit stort behov for fleksibel og sikker transportflykapasitet, spesielt i Afghanistan. C-130J er eit kosteffektivt fly med større kapasitet og betre eigenskapar enn dagens C-130H.
Regjeringa foreslår også to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt. Dette er fleirbrukshall ved Setermoen garnison og forlegningar i Rena leir. Regjeringa foreslår også at eit nytt materiellprosjekt for nyskaffing av nye sjømålsmissil blir godkjend. Regjeringa vil også endre kostnadsramma for nye lokale for redningshelikoptertenesta i Bodø, og foreslår å auke kostnadsramma for fregatt- og MTB-prosjekta for å etablere satellittkommunikasjon.
Oppdatert: 06.05.2008 08:06
av Imaker AS




